Kognitiv dissonans og leiing
- 9. apr. 2025
- 2 min lesing
Oppdatert: 5. mai 2025
I ei tid kor bærekraft er i sentrum av global oppmerksomheit, er leiaren si rolle kritisk. Leiarar står ovafor komplekse utfordringar og skiftande landskap, og deira evne til å anerkjenne og takle kognitiv dissonans kan vere avgjerande for å forme ei meir bærekraftig framtid.
Forfattar:
Dr. Glenn Agung Hole
Thought Leader & Public Speaker in Strategy & Sustainability, Digital Business Transformation | CEO & C-level Executive | Assoc. Professor | Championing ESG Principles & Recycling Initiatives | Interim Management

Kva er kognitiv dissonans?
Kognitiv dissonans er eit psykologisk fenomen der ein person opplever ubehag som følge av å halde to eller fleire motstridande overbevisninger samtidig. For å minske ubehaget, vil personen ofte endre, unngå eller rasjonalisere ein av desse overbevisningane.
Kognitiv dissonans og leiing
Leiinga si rolle er sentral i eitkvart initiativ for bærekraftig utvikling. Men når leiarar vert konfrontert med informasjon som utfordrar deira eksisterende overbevisningar, kan kognitiv dissonans oppstå. Dette kan manifestere seg på fleire måtar:
Motstand mot endring: Leiarar kan vise motstand mot nye initiativ eller strategiar som utfordrar den etablerte orden, sjølv om desse endringane kan vere essensielle for bærekraft.
Selektiv informasjonsinnsamling: Ein leiar kan søke informasjon som bekreftar eksisterande tru og unngå informasjon som motseier dei. Dette kan hindre organisasjonen i å ta beslutningar basert på eit heilskapleg bilete.
Risiko for gruppetenkning: I team kor leiarar ikkje oppfordrar til ulike perspektiv, kan det oppstå ein kultur kor utfordrande meiningar blir undertrykt. Dette kan forhindre innovasjon og framskritt.
Betydninga av å forstå kognitiv dissonans for bærekraftig leiing
For å bygge ei bærekraftig framtid, er det viktig at leiarar:
Anerkjenner eigne skeivheiter: Ingen er immun mot kognitiv dissonans. Gjennom å vere sjølvbevisst og anerkjenne eigne skjeivheiter, kan leiarar ta meir balanserte beslutninger.
Framme ein kultur for open dialog: Leiarar bør oppfordre til ein kultur kor team-medlemmer føler seg trygge på å dele ulike perspektiv og utfordre status quo.
Engasjere seg i livslang læring: Bærekraftig leiing krev kontinuerleg læring. Leiarear bør vere opne for ny informasjon, spesielt når han utfordrar deira eksisterende tru.
Oppsummering
I jakta på ei meir bærekraftig framtid er det avgjerande at leiarar forstår og taklar kognitiv dissonans. Gjennom sjølvrefleksjon, open dialog og ei forplikting til kontinuerlig læring, kan leiarar lede vei for transformasjon og sikre ei meir bærekraftig verd for kommande generasjonar.



Kommentarer